page view image

Ingebrigt Vik museum 90 år

Velkomen til feiring av Ingebrigt Vik museum 90 år!

Information
event image

Bygget som rommar skulptursamlinga etter Vik vart opna 17. mai 1934 - og markerar dermed sitt 90-årsjubileum på årets nasjonaldag.
Her blir det tale og musikk, marsipankake og topp stemning - og du er sjølvsagt invitert!

PROGRAM
Del 1, Ingebrigt Vik museum:

Kl 18: Dørene opnar
Bildespel frå 1934
Musikalsk innslag ved Arne Fykse (hardingfele)
Gratis inngang

Del 2, konsertsalen i Kabuso:
Kl 19: Festtale v/Beate Gauden
Konsert med den mezzosopran Lucia Cervoni og pianist Sevinj Asgarova.
Cervoni er frå Canada og utdanna ved Manhattan School of Music. Ho har utmerka seg i framføringar med m.a. Santa Fe Symphony og Singapore Symphony.
Asgarova er frå Aserbadsjan og har budd i Noreg sidan 2010. Ho har PhD frå Musikkakademiet i Baku med piano som hovudinstrument - og bachelor i orgel og masterdiplom i piano frå Griegakademiet i Bergen.

________

  • Til KabusoVener: For denne konserten kan du nytta gje-bort-billetten din for å ha med ein ven. Skriv inn koden du har mottatt i kode-feltet
  • Bli KabusoVen? Kjøp årskortet her
kabuso øystese kunsthusetkabuso kvam hardanger klassisk

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte