Search for events

KabusoVen er rabattkortet for deg som vil nytta deg av tilbodet av konsertar, utstillingar og kaféliv ofte!

Opplev skiftande utstillingar i Kunsthuset Kabuso + skulptursamlinga i Ingebrigt Vik museum!

Songar Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala ønskjer velkomen til Kabuso med eit vakkert, stemningsfullt og variert program sundag 27. juli.

Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings - eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once.

«Trygve Seim har ein enorm melodisk teft, veit å få det beste ut av medmusikarane sine, og det er ein fryd å lytta til dei detaljerte omvegane han tar undervegs i musikken.
Med sine lyriske komposisjonar er det naturleg at Seim fekk merksemd frå Manfred Eicher, noko som har resultert i ei stor mengde plater på ECM Records. Med seg har han ei handplukka gruppe, kvar for seg instrumentalistar i verdsklasse, og saman lagar dei vakker musikk for hjarte og hjerne».
(Nattjazz 2021)

TILIBO er namnet på samarbeidet mellom bergensgitaristen og strengemeisteren Ole Andre Farstad og koraspelaren Ibou Cissokho frå Oslo.

dePresno har i eit tiår vore ein av Noregs mest særeigne popstemmer. Med sin djupe, sjelfulle vokal og sterke historiefortelling balanserer han det emosjonelle med det underhaldande på ein måte få andre gjer. Han lagar musikk som kan få deg til å gråte av sorg i den eine augneblinken –og le så du grin i det neste.

Hald av sundag 12. oktober for gode jazzopplevingar og balsam for sjela
- ein av våre favoritt-trioar kjem tilbake i Kabuso!

Darling West er kjend både for si evne til å begeistre, og ikkje minst dei fantastiske folk- og poplåtane som stadig vert omfamna av fans, konsertgjengarar og media.