Konsertførestilling: Gjertruds sigøynerorkester & Helge Jordal

page view image
Event date

Friday 7 Nov 2025 19:00

Ends Friday 7 Nov 2025 20:30
order
Ticket sales will start 27 Jun 2025 09:00 CEST
event image

Event information

Gjertruds Sigøynerorkester (GSO) og Helge Jordal byr på ei konsertframsyning med dikt, forteljingar, songar og musikk frå sigøynar- og taterkulturen. 

GSO, med Gjertrud Økland i front, har sidan 1989 spesialisert seg på austeuropeisk sigøynarmusikk frå Russland, Romania og framfor alt Ungarn. 

Helge Jordal er ein av Noregs mest profilerte og særeigne skodespelarar. Han er òg ein framifrå vokalist med stor uttrykksevne. Jordal formidlar dette på medrivande vis; med fintføling, autoritet og kraft. 

Dei seinare åra si aukande tilstrøyming av fattige rom, både til Noreg og andre EU-land, har aktualisert og synleggjort det stigmaet sigøynarar og rom er utsette for. GSO og Jordal ønskjer å visa at dette er menneske som ber på usedvanleg rike kulturelle tradisjonar, som store delar av det europeiske kulturlivet i hundreår har henta inspirasjon frå. 

Hovudvekta ligg på musikk, songar, dikt og forteljingar frå sigøynar- og taterkulturen, men ensemblet gjer òg nokre avstikkarar innom andre sjangrar, noko som både skapar spenn i uttrykket og kan fungera som eit «apropos» til temaet i framsyninga. 

________________

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte

Tags

kabuso
øystese
kunsthusetkabuso
kvam
hardanger
jordal
gjertrudssigøynerorkester
Organizer
Kunsthuset Kabuso