Toralv Maurstad & Rune Alver

EVENT INFORMATION

Laurdag 29. februar kl 19 byr Kabuso på ei førestilling med ein nestor i norsk teater, Toralv Maurstad.

Førestillinga gjev eit innblikk i teaterfamilien og korleis det var å veksa opp med dei berømte skodespelarane Tordis Maurstad og Alfred Maurstad som foreldre. I denne heimen handla alt om teater.

Roller vart innstudert i intenst samspel med skodespelarane sine eigne liv og kjensler. Det var likevel ikkje sjølvsagt at sonen skulle verta skodespelar.

Førestillinga fortel om korleis dette gjekk til og om korleis Toralv Maurstad si eiga skodespelarkarriere utvikla seg.
Med ei musikkelskande mor og ein far som var hardigfele-virtuos, stod musikken alltid sentralt både på scenen og i heimen.

Pianist Rune Alver står for dei musikalske innslaga.




skodespel
piano

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte