page view image

Greg Niemczuk: Ei musiklsk reise i Chopin sitt liv

Pianisten vender tilbake til flygelet i Kabuso - med nytt repertoar.

Information
event image

Polske Greg Niemczuk vender tilbake til flygelet i Kabuso med nytt Chopin-program. Bli med på Ei musikalsk reise gjennom Chopin sitt liv!
Hald av kvelden onsdag 16. oktober for ei musikkoppleving i toppklasse - konsertstart kl. 19.

Niemczuk vil ta publikum med på ei magisk reise gjennom Frédéric Chopin sitt liv. Den første delen vil innehalda verk av den unge Chopin, skrivne mens han fortsatt budde i Warszawa. Her var Chopin lukkeleg, han opplevde sin første kjærleik, han erobra konsertsalane i Warszawa og talentet hans lyste stadig klarare.
Den andre delen vil være fylt med Chopins største mesterverk, skrevet hovedsakelig i Paris.

Me vil få høyra nokre av Chopin sine største meisterverk, som dei poetiske balladane nr. 3 og 4, den dramatiske Scherzo nr. 1, virtuose etydar og den monumentale Heroiske-polonesen - ein ekte publikumsfavoritt. Som alltid vil Greg Niemczuk ikkje berre spela piano, men og fortelja historiar om Chopin sitt liv og verk. Det blir ein fest av Chopins musikk spelt av ein Chopin-meister!

Greg Niemczuk har ei verdsomspennande karriere og nesten 20 års erfaring som konsertpianist. Han har halde meir enn 500 konsertar i 36 land over heile verda og på alle kontinent.
Greg Niemczuk er høgt respektert av musikk-kritikarane.Og ikkje minst er han elska og beundra av eit stort publikum for sitt poetiske og kjenslevare spel og i sin lindenskaplege virtuositet.
Noreg er blant favorittlanda hans og kvart år opptrer han i meir enn 30 ulike byar og tetstadar over heile landet. Uoffisielt er han den mest turnerande pianisten i Noreg!

Niemczuk knyter saman musikken han spelar med ord - og forklarar dei klassiske verka for publikum. Difor er ikkje berre kjend for spelet sitt, men også for si evne til å få kontakt med publikum. Han gjer den klassiske musikken lett forståeleg og underhaldande, sjølv for dei som ikkje er trente lyttarar av klassisk musikk.

Greg Niemczuk har gjennom karriera si vunne mange klaverkonkurransar og prisar - m.a. i New York (Carnegie Hall Debut Competition) og Warzawa (Den nasjonale Chopin-konkurransen 2010).
Han er elles svært aktiv på internett og via YouTube gjer han klassisk musikk populær blant musikkelskarar over heile verda.


>> Sjå nettstaden til Niemczuk

_______


Plassbillett? Nei, arrangementet har fritt val av sete ved ankomst


kabuso øystese kunsthusetkabuso kvam hardanger klassisk piano flygel kammermusikk chopin

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte