Knut Reiersrud solo

page view image
event date

Samstag 16 Mär 2024 19:00

Endet Samstag 16 Mär 2024 20:30
Der Kalendereintrag passt sich Ihrer lokalen Zeitzone an
bestellen

Available items

event image

Event-Informationen

Sjølvaste Knut Reiersrud + konsertsalen i Kabuso = perfekt musikalsk match.
Sjekk det ut laurdag 16. mars kl 19!

I over 40 år har Knut Reiersrud spelt sine gitarar på tallause scenar og begeistra publikum - bokstaveleg tala - verda over. Omgangen hans med strengeinstrument - både musikalsk og visuelt - er ei totaloppleving.
Kong Harald uttalte etter ein Reiersrud-konsert i Sør-Afrika at han aldri tidlegere hadde sett ein musikar fysisk forsvinna inn i instrumentet sitt slik som Reiersrud.
President Thabo Mbeki tilbaud gitaristen sørafrikansk pass - for å få eit ekstranummer - på samme konsert....

Reiersrud er ein av Norges beste instrumentalistar, ein virtuos på gitar, og ein magikar på scenen. Tre store påstandar, men som faktisk stemmer, alle tre. Han har gitt ut ei rekkje plater - både soloalbum og album med diverse konstellasjonar gjennom åra. Han har m.a. mottatt Spellemannprisen for 3 av desse og ein dansk Grammy-pris.
Han har spelt med storleikar som Dr. John, Buddy Guy, Ricky Lee Jones, David Lindley og gjort live-plater i land som Nepal og Iran. Få andre artister kan matcha det!

Knut Reiersrud spelar blues, folkemusikk, indisk, afrikansk, i tillegg til å vera ein fantastisk improvisatør. Med eit arsenal av ulike gitarar gjer han i solokonsertane sine ei reise i strengemusikkens geografi.
Med si enorme erfaring - 17 soloplater, medverknad på 300 plateutgjevingar og turnear på alle verdas kontinent - er han med sine 60 år nærast for ei levande legende å rekna. Med blues i ryggraden - etter læretid i Chicago og New York med folk som Dr. John og Buddy Guy - er Knut Reiersrud ALLTID innstilt på å levera varene 110 prosent.


Verzichtserklärung

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte

Tags

kabuso
øystese
kunsthusetkabuso
kvam
gitar
Veranstalter
Kunsthuset Kabuso
Ihre Bestellung aufgeben