Sprache
Hilfe
© TicketCo AS 2024.
Rechtliche Begriffe für Ticketkäufer.
Rechtliche Begriffe für Veranstalter.
Karl Bjorå - gitar, komposisjon
Tuva Syvertsen - feler, vokal
Selma French Bolstad - feler, vokal
Vegard Lien Bjerkan - piano, synth
Bardur Reinert Poulsen - kontrabass
Andreas Winther - trommer
Karl Bjorå har dei siste 10-12 åra gjort seg bemerka i band som Emmeluth´s Amoeba, Yes Deer, Megalodon Collective - gjennom utgjevingar med gruppene og konsertar verda rundt.
I Bjorå sitt eige band vert kun hans eigne komposisjonar framførte. Her er det jakta på kvalitetsrik og unik lyd, både som ensemble og åleine, som er i fokus.
Særpreget til bandet ligg i både instrumenteringa og musikarane sine sterke eigne uttrykk - og balanserer komponerte elemtent og fritt spelerom hårfint, utan at det oppstår kamp om plassen.
Som Arild R. Andersen skreiv om albumet i Aftenposten:
"Bjorå dekonstruerer bildet av gitaristen som selvnytende midtpunkt og akrobat. Han utfordrer lytternes forventninger og skaper helhet, helt uten å vimse".