Dobbelkonsert: Sinikka Langeland & Knut Hamre / Harald Lassen

page view image
event date

Sonntag 27 Okt 2024 18:00

Endet Sonntag 27 Okt 2024 20:30
Der Kalendereintrag passt sich Ihrer lokalen Zeitzone an
bestellen

Wenn Sie einen Promocode haben, hier eingeben

Available items

Med ledsagarbevis
Born
Under 16 år, med eige sete
Vaksen
Med KabusoVen
20% rabatt for deg som er KabusoVen. Personleg rabatt - 1 billett pr. kort. Vis gyldig årskort ved inngang.
event image

Event-Informationen

Sundag 27. oktober byr Kabuso på ein dobbelkonsert: Musikalsk knask for deg som likar anten folkemusikk eller jazz!

DEL 1
Kl 18: Sinikka Langeland & Knut Hamre - Det blå landet

Sinikka Langeland - song, kantele
Knut Hamre - hardingfele


Det blå landet er ein konsert med dikt av Hans Børli og Olav H. Hauge - og med musikk av Langeland og Hamre.
I musikken har dei lete seg inspirera av korleis folkemusikken i Hardanger og på Finnskogen er ein del av bakteppet for diktinga.
Lengselen til det hinsidige har kanskje i eldre tider skapt huldremusikk og møte med det usynlege, ein lengsel mot det blå landet, som Hauge kallar det i eit dikt.
Dette nye samarbeidet mellom Langeland og Hamre er spenstig både når det gjeld arrangementa med element frå to ulike tradisjonar og samklangen av to så spesielle instrument som kantele og hardingfele.
Songen ber visdomen i dikta til to av Norges mest folkekjære poetar.
 

Sinikka Langeland var berre 17 år då ho sette tone til eit dikt av Hans Børli første gong. I 1985 sette ho tone til Langt innpå skoga som også vart namnet på hennar debutplate i 1994.
Ho er og ein av dei som har ført Børli sine dikt ut i verda med si innspeling Starflowers på ECM Records og hennar turnear i Europa, Japan, Irland, India og USA.
I 2011 kom albumet The Land That Is Not med musikk til dikt av Olav H. Hauge og Edith Södergran. Konserten Det blå landet er Sinikka Langeland og Knut Hamre sitt første samarbeid.
 

Knut Hamre møtte Olav H. Hauge første gong i tolvårsalderen då Hauge las eigne dikt på konsert i Granvin. Seinare tok Hamre til å vitja forfattaren i heimen hans på Rossvoll i Ulvik.
Dette vart ein kontakt som vara så lenge Hauge levde. Saman med forfattaren sjølv, Bodil Cappelen, Hildegun Riise, Liv Osa og Ola Bø har Hamre arbeidd med Hauge si dikting, dikt og dagboktekstar - eit arbeid som har resultert i konsertar, turnear og seminar frå Tromsø i nord til Kristiansand.

Det blå landet er det første samarbeidet til Sinikka Langeland og Knut Hamre.

____________________

DEL 2
Kl 19.15: Harald Lassen

Harald Lassen – saksofon, fløyte, piano
Solveig Wang – synth
Sander Eriksen Nordahl – gitar
Stian Andersen – elbass
Tore Flatjord – tromme

Multiinstrumentalist og Spellemannvinner Harald Lassen er ein av profilane i norsk samtidsjazz. Han har verkeleg fått fotfeste med sine to siste bejubla album og ikkje minst gjenom liveopptredenar.
Haralds musikk er jazz, men jazz med en annen form og farge. Musikk som bare kan komme fra et fritt og åpent sinn, skreiv internasjonal musikkpresse då albumet Human Samling kom i 2020.
No er han aktuell med eit nyoppussa band og snakkis-albumet Balans som han fekk Spellemannprisen for i 2023.

Me møter ein improvisatør og låtsnikkar som inviterer lyttarar og medmusikantar til å romstera i det han har skapt og ein kunstnar som har forstått at den einaste gyldige smaken er den personlege.
Saman med ein herleg og djupt sjelfull gjeng sentrerar Lassen musikken rundt medrivande låtar og tar lytteren med på forløysande eventyr.
Jorda og atmosfærisk på ein gong. Stort alvor og lure smil.

Utover røtene i norsk jazz kjenner me også Harald Lassen frå samarbeid med Sondre Lerche, No. 4 og Susanna Wallumrød, blant mange andre. Med seg har han musikarar som set sitt preg på artistar som Fieh, Daniella Reyes og The Switch.


Gjeld billetten for begge konsertana: Ja
Setereservasjon: Nei
Huset opnar (igjen) kl 17, open bar/kafe/gåvebutikk

________

Verzichtserklärung

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte

Tags

kabuso
øystese
kunsthusetkabuso
kvam
hardanger
litteratur
folkemusikk
jazz
konsert
Veranstalter
Kunsthuset Kabuso