page view image

Endring: I lys loge

Information
event image

Endring: Diverre må forfattarsamtalen med Kjartan Fløgstad utgå av grunnar utanfor Kabuso sin kontroll.

Har du kjøpt billett og vil endra plan? Ta kontakt med Kabuso på post@kabuso.no

_____

Bestillingsverket I lys loge med Gabriel Fliflet & co kjem til Kabuso-scenen:

Hald av torsdag 3. oktober, klokka 19 startar konserten.

 
Gabriel Fliflet - trekkspill, piano og sang
Susanne Lundeng
- fele og sang
Jørgen Sandvik - gitar og sang
Per Jørgensen - trompet og sang
Anders Bitustøyl
- bass og sang

Til alle tider, i alle kulturar, har folk samla seg rundt bålet. Historiar har blitt fortalde, mat er blitt laga, songar sunge, løyndomar hviska, og kroppar har fått varme.
Framleis lokkar bålet oss!

I songsyklusen I lys loge vil ild og flamme, gnist og lys, vera den glødande ledetråden for dei fem, syngande musikarane. Tekstene er både leikne og lyttande, og er nyskrivne av Kjartan Fløgstad, ein nestor blant norske forfattarar.
Musikken, laget av Gabriel Fliflet, er melodisk, men uforutsigbar, og vandrar i landskapet mellom jazz, folkemusikk og viser.

Fløgstad, ein av Norges største romanforfattarar, har også skrive mange songtekstar. Fliflet har tidlegare tonesett 15 av Fløgstad sine songtekstar.
Samarbeidet har blant annet ført til CD-en Himlaleite - songar av Fløgstad og Fliflet med Trio Alde (2021).

I lys loge er bestilt av Vossa Jazz og har urfremføring på festivalen i mars 2024.

Det er ikkje alle artistar forunnt å få heile sitt publikum til å gløyma både tid og stad. (...) Frå start til slutt heldt Gabriel Fliflet publikum i si hole hand (... ) ein kjenslesterk konsert som publikum løna med dundrande applaus då siste songen tona ut.  - Bjørn Sandnes, Hordaland om urpremieren av I lys Loge på Vossajazz 2024.


Huset opnar kl 18

________

kabuso øystese kunsthusetkabuso kvam hardanger fliflet fløgstad

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte