Trygve Seim Ensemble

«Trygve Seim har ein enorm melodisk teft, veit å få det beste ut av medmusikarane sine, og det er ein fryd å lytta til dei detaljerte omvegane han tar undervegs i musikken. Med sine lyriske komposisjonar er det naturleg at Seim fekk merksemd frå Manfred Eicher, noko som har resultert i ei stor mengde plater på ECM Records. Med seg har han ei handplukka gruppe, kvar for seg instrumentalistar i verdsklasse, og saman lagar dei vakker musikk for hjarte og hjerne».  (Nattjazz 2021)

page view image
Event date

Thursday 4 Sep 2025 19:00

Ends Thursday 4 Sep 2025 20:30
order

If you have a promo code apply here

Available items

Vaksen
Med Kabusoven
20% rabatt
Barn
Under 16 år
Med ledsagarbevis
event image

Event information

Ensemblet er:
Trygve Seim – saksofonar
Torben Snekkestad – saksofonar
Embrik Snerte – fagott, kontraforte
Håvard Lund – klarinettar
Eivind Lønning – trompet
Øyvind Brække – trombone
Lars Andreas Haug – tuba
Alejandra Conde-Campos – cello
Frode Haltli – trekkspel
Patrycja Wybranczyk – trommer

Trygve Seim Ensemble har ei unik instrumentsamansetjing, og medlemmene er svært dyktige ensemblemusikarar som òg er framifrå solistar.
I år feirar dei 25-årsjubileum for debut-albumet Different Rivers (2000) og Trygve Seims ECM-debut.

Under konserten i Kabuso vil ensemblet framføra høgdepunkt frå dette albumet og ensemblet si andre ECM-utgjevingar, Sangam.
I tillegg får me høyra musikk frå tingingsverket Reis (Vossajazz 2006) og musikk Seim har komponert for ensemblet i løpet av dei siste åra.

Tags

øystese
hardanger
kabuso
hardangerogvossmuseum
kunsthus
jazz
Organizer
Kunsthuset Kabuso