GamlisLarm: Thea Hjelmeland

EVENT INFORMATION

Bygdalarm og Kunsthuset Kabuso ynskjer dei eldre velkomen til GamlisLarm; ei eiga grein av Bygdalarm til ære for dei eldre. (70+)

Thea Hjelmeland tek oss med på ei musikalsk reise gjennom nære og fjerne himmelstrok. Den unge musikaren frå Førde har gjort seg bemerka nasjonalt og internasjonalt, og vann i 2015 både Spelemannsprisen i kategori Indie-pop og Vozzajazzprisen frå Hordaland Fylkeskommune.

Det høyrer med til Bygdalarm at noko lite med lokal smak kan førekomma, dette for å få deg i den optimale fjordstemninga. Som om ikkje det er nok så vert det trekt nokre heldige vinnarar på inngangsbilletten, her kan ein stikke av med flotte premiar.

Ledsagar kan du ta med om du vil, han eller ho går sjølvsagt gratis. Ta med deg eit barn, barnebarn eller oldebarn og del denne fine festivalopplevinga. Eller kanskje du er eit barnebarn som vil ta med bestemor?

Arrangør: Bygdalarm og Kabuso

Foto: Vegard Fimland
Artwork: Åshild Stav

bygdalarm
familiekonsert
eldre
theahjelmeland
gamlislarm
kabuso
øystese

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.
Ved kjøpt av rabattert billett må Kabusokort eller festivalpass visast fram.